Fiske

Ein liten rusletur unna finn du Vetle Skiftesjøen der du har høve til å fiska frå land, robåt eller kano. Dette vatnet ligg berre eit par hundre meter frå fjellstova vår.

Lett tilgjengeleg til fots eller med bil finn du også Store Skiftesjøen. Godt fiske med flott fjellaure på minst kiloen får du gjerne i desse to vatna.

Du kan leiga robåt og kjøpa fiskekort hjå oss.

Prisar robåtleige inkl redningsvest:

0-3 timar kr 100,-

3-6 timar kr 150,-

6-12 timar kr 200,-

Alle må bruka redningsvest, både små og store. Til og med pappa.