Nytt vertskap i 2018

Ein familie som lengtar til høgfjellet vil freista lukka på Dyranut.

Emily og Adrian Hus med sine 2 barn overtek fjellstova saman med Adrian sine foreldre,

Ragnhild Telle og Torstein Hus.

Emily kjem frå Sandefjord og fann kjærleiken på Voss der alle saman bur når dei ikkje er på Dyranut.

Adrian har mange tenåringssomrar på Besso og ser stort fram til å få driva si eige fjellstove i fjellet.

Saman tek dei med seg borna Hedvig (4 år) og Helleik (1 år), hesten Eldfri, hundane Gutt og Ninja, hanen Sjovat og dei 14 damene hans. Les meir om dyra våre her.

Ragnhild har lang erfaring frå reiselivet, bl.a frå Myrkdalen Fjellandsby, SAS, turistkontor, hotell og campingplass. Etter mange år med lang reiseveg ser ho no fram til å bu på arbeidsplassen.

Torstein driv si eiga malarverksemd og vil halda fram med dette i ledige stunder. Han håper at alle maleoppdrag heretter vert i nærleiken av Dyranut slik at han kan tilbringa fritida med ei hjelpande vaktmeisterhand på fjellstova.

Dyranut Fjellstova har sin lange historie. Det nye vertskapet ynskjer no å skapa ny historie på sin måte. Frå tida som var vil dei ta med seg dei gode tradisjonane på mat og hygge på fjellstova, og skapa minnerike opplevingar for små og store på Hardangervidda.