Yogahelg på Dyranut 21.-23. september 2018

Yogahelg på Dyranut 21.-23. september 2018

 

Finn ro og harmoni på Hardangervidda i september .

Ynskjer du deg ei helg med ro, stillheit og nærvær med deg sjølv ?

Då kan du bli med oss på ei unik reise og eit vakkert hausteventyr på Hardangervidda.

I september syner Hardangervidda seg frå si vakraste side med sine nydelege haustfargar.

Dette skapar rom for magiske augneblikk  ute i naturen og inne på yogamatta.

 

Me vil invitere deg, som ynskjer deg vekk frå det travle kvardagsstresset, til ei helg med mjuke augneblikk der du får tid til deg sjølv.

Nærvær, pusteteknikk og enkle yogateknikkar står i fokus i kombinasjon med fantastisk natur og god heimalaga mat i koselege omgjevnader på Dyranut Fjellstova.

Fysioterapeut og Devi Yoga instruktør Gunn Marit Bergstrøm vil ta deg med på ei indre reise med fokus på DEG ❤

Dette høver for alle . Du treng ikkje ha forkunnskaper innan yoga.

 

Pris pr pers kr 3700,- .

Dette inkluderer delt rom, 2 fjellfrukostar, 2 lunsjar,

3- retters middag fredag og lørdag samt yogainstruksjon/foredrag.

Detaljert program for helga kjem snart.

Meld deg på til [email protected]