Dyra våre

Om me skal vera på Dyranut så er det klart at dyra våre også skal vera på Dyranut. Med hest, hund og høner så blir det god stemning i tunet.

Ynskjer du å vera med på foring av dyr, stell av hest og kos så er du hjarteleg velkomen til dette. Berre spør oss.

 

Nansen  (Vasetmuttens Ypperlige Nansen)

Nansen er en Alaskan Malamute valp som er fødd hausten 2019.
Han er en roleg, bedageleg, snill gutt med fin av/på knapp.

Me ser fram til vinterane med ein vassekte trekkhund og sommerane med en solid kløvhund og turkompis.

Ninja tar rollen som bestemor seriøst å bidreg med god oppdragelse.

 

Ninja

Blir du blir møtt av ein svart hund som brummar og pratar med ei mørk røst, men likavel lograr med halen, ja då har du møtt på Ninja.

Ninja er ei 9 år gamal dame som veit å uttrykka seg. Sjølv om alt snakket hennas kan virka skremmande om du ikke har opplevd det før, så er det kun gode ord som kjem ut.

Ninja elskar å leika med store og små, ho likar utfordringar.

Av rase er ho reine godteposen, Godt og blanda. Her har du trekkhund, vakthund, selskapshund og turveninne.
Ynskjer du eit turfylgje å lufta tankane med? Då er Ninja den beste til å halda på hemmelegheiter.

 

Hønsene

Med ein herleg flokk med verpande høner i hønsehuset kan me by på ureiste egg på frukostbordet.

Hønseflokken er ein sosial gjeng som elskar å få besøk.

Dei hjelper oss dessutan med å eta opp matrester slik at me slepp å kasta mat. Du må gjerne mate dei om du vil.

Og kven veit, kanskje det dukkar opp kyllingar?