Dyranut Fjellstova

Med sin storslåtte panoramautsikt over vakre Hardangervidda ligg ei lita familiedriven fjellstove.

Dyranut er eit nydeleg utgangspunkt for for fleirdagarsturar, me ligg midt i smørauga for det fantastiske løypenettet til DNT både sommar og vinter. Eit rikt fugleliv og mange fiskevatn gjer friluftslivet perfekt.

Vil du sova hjå oss så gjer du det i koselege fjellrom med eige bad og vedomn, som om det er di eiga vesle hytte.

Fjellstova passar også for deg som vil ha litt mat i magen før du køyrer vidare , kanskje kombinert med ei lita vandring innover vidda som eit lite avbrekk.

Me har open kafe heile dagen og serverer den beste heimebakst og tradisjonsmat basert på fjellets råvarer. Om du vil så kan du også nyta maten og utsikten ved borda våre ute.

Dyranut Fjellstova har sin historie heilt tilbake til 1934.

Desse har drive fjellstova:

Ola O. Lægreid: 1934 – 1946

Nils Bergslien: 1946 – 1952

Rut Helberg: 1952 – 1968

Solveig og Sjur Varberg dreiv fjellstova frå 1968.

Dei bygde opp ei ny hytte i 1984, ei hytte med innlagt vatn og straum frå agregat.

Dottera Kari Varberg Øydvin og Asle Øydvin med sine tre barn tok over
drifta i 1997. Året etter utvida dei fjellstova og heva standarden bl. a
ved å laga bad på dei fleste romma.

Kari og Asle m/ familie har vore vertskap på Dyranut Fjellstova fram til
hausten 2017.

Frå sesongen 2018 er vertskapet på Dyranut Fjellstove desse:
Emily og Adrian Hus, Ragnhild Telle og Torstein Hus.