Nytt vertskap i 2018

Ein familie som lengtar til høgfjellet vil freista lukka på Dyranut.

Emily og Adrian Hus med sine 2 barn overtok fjellstova saman med Adrian sine foreldre,

Ragnhild Telle og Torstein Hus.

Emily kjem frå Sandefjord og fann kjærleiken på Voss der alle saman budde når dei ikkje er på Dyranut.

Adrian har mange tenåringssomrar på Besso og ser stort fram til å få driva si eige fjellstove i fjellet.

Saman tok dei med seg barna Hedvig (fødd 2014) og Helleik (fødd 2017).
Hausten 2019 flytta Emily og Adrian til Eidfjord for å koma nærare arbeidsplassen på Dyranut og på hausten i 2020 vart deira 3. barn fødd like før sesongslutt (Hågen).
Hunden deira er også med på Dyranut. Les meir om dyra våre her.

Ragnhild har lang erfaring frå reiselivet, bl.a frå Myrkdalen Fjellandsby, SAS, turistkontor, hotell og campingplass. Etter mange år med lang reiseveg ser ho no fram til å bu på arbeidsplassen.

Torstein driv si eiga malarverksemd og vil halda fram med dette i ledige stunder. Han håper at alle maleoppdrag heretter vert i nærleiken av Dyranut slik at han kan tilbringa fritida med ei hjelpande vaktmeisterhand på fjellstova.

Dyranut Fjellstova har sin lange historie. Det nye vertskapet ynskjer no å skapa ny historie på sin måte. Frå tida som var vil dei ta med seg dei gode tradisjonane på mat og hygge på fjellstova, og skapa minnerike opplevingar for små og store på Hardangervidda.