Kano

Kva er vel betre enn å sitja på vatnet, med berre eit skrog mellom deg og det våte element?

Dei flottaste naturopplevingane kan du få når du glir lydlaust gjennom vatnet, medan auren sprett like ved.

Ein liten rusletur unna finn du Vetle Skiftesjøen der kanoen ventar på deg. Vatnet ligg berre eit par hundre meter frå fjellstova vår.

Kano kan du leige hjå oss.

Prisar inkl redningsvest:

0-3 timar kr 100,-

3-6 timar kr 150,-

6-12 timar kr 200,-

Kanotips

• Alle må bruka redningsvest, både små og store. Til og med pappa.

• Lurt å padla langs land. Lettast å symja til lands då, om du skulle vera uheldig. Det kan vera iskaldt i vatnet, til og med om sommaren.

• Ta gjerne med fiskeutstyr – så blir kanoturen ei endå større oppleving.

• Bruk sunt bondevet – og kanoturen blir ein suksess.